Bli med på ein uforgløymeleg kveld fylt med god mat, godt selskap og nye vennskap i hjartet av Bergen! Tour de Møhlenpris er eit sosialt middagskonsept der du spiser og drikk deg gjennom byens beste nabolag, og vi treng både vertar og gjester for å skape magien.

Kva er Tour de Møhlenpris? Dette er ein roterande middag der du besøker tre ulike heimar for ein trerettars meny.
- Vi startar kvelden med ein felles aperitiff der alle deltakarane møtest og får utdelt adresser.
- Deretter går du til det fyrste huset for forrett.
- Etter det ventar ein ny adresse med hovudrett.
- Til slutt nyt du dessert i eit tredje hus.
- Kvelden blir avrunda med ein felles etterfest for alle deltakarane!
Bli med som gjest! For kr. 600,- får du ein fullverdig trerettars middag med drikke til alle rettar, samt etterfest. Alt du treng å gjere er å melde deg på, ta med eit ope sinn og eit tomt vinglas – vi tek oss av resten!
Bli med som vert! Som vert opnar du heimen din for ein av rettane og lagar anten forrett, hovudrett eller dessert til eit lite lag med gjester. Du får utgiftsdekning for ingrediensane og blir ein viktig del av fellesskapet.

Vi treng både gjester og vertar for å gjennomføre arrangementet – meld deg på i dag og bli med på ein kveld du seint vil gløyme!
Meld deg på no! tourdemohlenpris@gmail.com
